Gå til sidens hovedinnhold

Vi er redde for det ikkje skal gå an å bruke Griningsdalen til seterområde i framtida

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Svar til Magnar Bratlien, om kvifor vi er så redde for denne hytta i vårt seterområde:

Bratlien syner til innlegget mitt om «hamburgersjappa». Dersom han hadde lest innlegget, ville han skjønt kva eg meinte.
Hamburgersjappe var DNT si eige omtale av DNT-hytta i Norefjell. Det var planlagt ei stor hytteutbygging i nærleiken av denne hytta, og DNT var bekymra for at hytta skulle reduserast til ei hamburgersjappe. Eg meinte at DNT møter seg sjølve i døra i denne saka, ettersom dei brukar advokat for å hevde rett til å bygge Dronninghytta. Eg vil takke for enda eit høve til å legge fram vårt problem.

Dronningsetra skal ligge i enden av Griningsdalen, berre 6 km frå setra vår.

Griningsdalen har vore prioritert beiteområde for geit i over 50 år, og er årsaka til at dalen ser ut som den gjer. Eit ope og fint kulturlandskap. Midt i dalen ligg eit område som NIBIO har gjerda inn for mange år sidan. Der kan ein sjå korleis det ville sett ut om geitene vart borte.

Vi driv aktiv setring, og er heilt avhengige av dette området for drifta vår.

I Vågå er det igjen tre besetningar med mjølkeproduksjon på geit. I Griningsdalen er det to fellessetrer. Alle geitene i Vågå er her om sommaren, ca. 500 dyr.

Geitene er svært sosiale, og tek gjerne følge med fotturistar. Dette gjeld særleg killingane. Det er ikkje slik at dei berre finn heim att sjølve. Vi merkar allereie auka trafikk som eit problem. Kvar sommar er det leiteaksjonar for å finne att dyr. Det er ikkje triveleg å gå vinteren i møte dersom ikkje alle dyra er med heim att om hausten.

Eg skjønar at dette er vanskeleg å forstå. Bratlien må gjerne kontakte andre som driv med geit for å undersøke fakta.

Så svaret er: Vi er redde for det ikkje skal gå an å bruke Griningsdalen til seterområde i framtida.

DNTG vil nytta eksisterande stignett i området. Vi spør om det er råka til våre beitedyr som DNT vil T-merke?

Den planlagde Dronninghytta skal ligge ved Strålvatnet. Dette er ikkje eit vanskeleg tilgjengeleg område som treng ei stor overnattingshytte. Det er veg inn, slik at alle kan køyre dit dei vil, også skuleklasser og funksjonshemma.

Ei stor DNT-hytte vil føre til auka ferdsel, med eller utan T-merke. Vi blir skuffa om ikkje DNT ser at deira aktivitet kan gå ut over både natur og seterkultur.

Den seinare tida har det vore større merksemd om korleis auka ferdsel kan gje store utfordringar. Bratlien bagatelliserer trafikken som vil komme, og antek ca. 750 overnattingar. Fordelt på heile året blir dette berre 14 stk.pr. veke seier han.

Geitene er på setra frå 15 juni-15 september. Fakta er vel at dei fleste turfolk går i fjellet akkurat desse månadane.

Vi spør: Vil DNT ta ansvar for geit som kjem til Dronningsetra?

Vi vil presisere at det er den plasseringa som er problemet. Dersom hytta blir bygd ved Strålvatnet, så kan det vera kroken på døra for dei tre siste som driv aktiv setring med geit i Vågå. Vil DNT ta ansvar for å øydelegge den aktive seterdrifta som framleis er i Griningsdalen?

Det er ingen skam å snu. Ved å lytte til erfarne fjellfolk og flytte Dronningsetra, så blir heiagjengen til prosjektet enda større.

Dersom DNT vil vinne Dronninga og heile fjellheimen, så trur vi det er betre å dele erfaringar og tilpasse seg, enn å hevde makta si.

Anne Helene Haugen, medeigar i Dyrtjønnbekken fellesseter for geit i Griningsdalen