Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.
I dag vågar vi påstanden at hundrevis av døler har det litt annleis inni seg enn dei hadde før helga.
Det er lett å tenkje at nokon kanskje har det litt betre, til og med. At dei er litt nærare seg sjølve, på eit vis. Kjenner seg heime. Og kjenner på rikdom utan tanke på kva dei eig og ikkje eig. Nokon vil, kan hende, stadig kjenne seg fylt opp av eitkvart som lyser, eller som rører ved tynne lag innom bringa. Andre vil kjenne ei sitrande røynsle ved å vera ung og ha stått på ei scene for fyrste gong.
Nokon av dei tretten hundre som løyste billett til Gudbrandsdal Musikkfest i helga får ganske sikkert ikkje til å legge bort møtet med tre unge musikarar under intimkonserten på Bjerkebæk. Ei jente song om ei mor; om ei som venta mannen sin og sonen sin heim frå krigen. Konserten heitte «Stemmer frå Gudbrandsdalen – og Ukraina» og presenterte også eit stjernegalleri av dalens beste namn.
I Tinde sine fabrikklokale på Vinstra møtte lokale folkemusikarar Kringkastingsorkesteret. I Kulturhuset Banken i Lillehammer og på Rudi gard på Sør-Fron var det konsertar med Arve Tellefsen, Ragnhild Hemsing og Kjetil Bjerkestrand.
Det er ikkje det grann for tidleg at vi seier det så høgt vi berre kan at dette set vi pris på. Det er ikkje det grann for tidleg at vi anerkjenner dei som bidreg og dei som starta Gudbrandsdal Musikkfest i 2017.
Artistane som ga tolv konsertar i helga har fått blomar og applaus. Bak selskapet Gudbrandsdal musikkfest står eigarane Arve Tellefsen, Vegard Moshagen, Bjarne Slapgard, Kjetil Bjerkestrand og Øystein Rudi saman med dagleg leiar Vivian Haverstadløkken. Kunstnarisk råd er Peter Szilvay og Ingeborg Gillebo. Alle ville dei at klassisk musikk og folkemusikk skulle møtast. Dei ville at utøvarane skulle vera dei beste. Unge krefter skulle vera ein del av det, og arenaen skulle vera heile dalen. Slik vart det.
– Målet er å skrive Gudbrandsdalen med gullskrift, sa dei ved starten i 2017. Utan blygsel. Det har dei fått til, utan å stø seg til eit svulmande offentleg kulturbyråkrati. Dette er det format over. Vi gratulerer, med gullskrift.