Vi hadde trudd at Sp ville ta skeia i eiga hand og snu utviklinga til det betre, men det ser ikkje slik ut

Av
DEL

lesarinnlegg

Så har vi fått svaret. Vi hadde visst det lenge – økonomien gjekk dårleg.

Det var eigedomsskatten som skulle redde alle tenestene. Nå les vi at ordførar og rådmann er einige om at det er best at fylkesmannen (staten) tek over situasjonen i Gausdal kommune. Det blir lettvint, for da treng vel ikkje politikarane å lage eit budsjett for det nye kommunestyret. Når det ikkje skal sparast på stillingar, men framleis tilsetjast nye der det er behov, er det best at andre tek ansvaret. Skal det sparast så blir det vel helse og omsorg som må lide, for skulane er det gjort vedtak om at ein skal behalde i fyrste omgang.

Kanskje fylkesmannen vil sjå kvar overforbruket er størst? Vi hadde trudd at Senterpartiet ville ta skeia i eiga hand og snu utviklinga til det betre, men det ser ikkje slik ut. Det var vel meininga at ein skulle lytta til innbyggjarane?

Det blir spanande å sjå kva framtida vil vise.

Torgunn H. Maurset, Gausdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags