Kvifor er det støtt eg som lyftar ungen opp i tripptrappstolen? klaga eg til mannen min i går. Skal vi føre statistikk? spurte han. Ja, svara eg.

Vi har definert oss som eit likestilt ektepar. Da vi fekk den fyrste ungen, vart eg difor skuffa da det kjentest umogleg å dele foreldreansvaret likt. Mannen min gjorde ikkje noko feil, tvert om så var han omsorgsfull og hjelpsam. Eg syntest det var vanskeleg å forklare kvifor byrda kjentest skeivfordelt. Amminga var sjølvsagt ein grunn, men ikkje den einaste.

Fyrste gongen eg høyrde omgrepet «det tredje skiftet» var det noko som fall på plass, det sette namn på det eg hadde streva med å forklare. Det fyrste skiftet er dagjobben. Det andre skiftet er det vanlege husarbeidet. Det tredje skiftet er det usynlege arbeidet. Det er å planleggje morgondagen og neste veke. Det er å veta kvar i flyttelasset helsekortet ligg og å koma tidsnok til helsestasjonen – med ein bag under barnevogna med minst to bleier, ein rein body og ein banan. Det er å bekymre seg for om ungen begynner å bli sjuk. Det er å vera heime frå jobb for å passe den sjuke ungen. Det er alt tankearbeidet som skjer seint på kvelden og tidleg om morgonen – ein får liksom aldri pause.

Ei sak i NRK nyleg handla om at småbarnsforeldra er enda meir slitne enn vanleg etter gjenopninga av samfunnet. Arbeidsgjevarane forventar at ein stiller på kontoret, det er mange fleire fritidsaktivitetar og ungane blir stadig vekk sjuke. Rapporten Barnefamilienes hverdagsliv i Norge 2021 (OsloMet) slår fast at mor framleis tek det største ansvaret for det tredje skiftet. Forskarane fann samtidig ut at mødrene opplever meir stress enn fedrane.

Statistikk frå SSB fortel at kvinner berre tener 87 prosent av ei gjennomsnittleg mannsinntekt. Inntektsgapet mellom kvinner og menn er faktisk enda større for dei med lang utdanning. Mange av oss sakkar dessutan akterut karrieremessig fordi vi vel å arbeide deltid, for å få kvardagen til å gå i hop. Småbarnsmødrer blir gjerne sett på som mindre attraktive arbeidstakarar. Men er ikkje småbarnsmødrer eigentleg dei ideelle arbeidstakarane? Vi er supereffektive, strukturerte og konstruktive, og vi er lojale (vi har jo ikkje tid til å drive med jobbsøking).

Eg har hatt ammefri i to periodar, det gav meg to timar kortare arbeidstid med full lønn. Eg har vel aldri før arbeidd så konsentrert og effektivt – og så gjekk eg heim i rett tid og tok vare på familien. Eg har tru på 6-timarsdagen. Ja, og enda større tru på 5-timarsdagen. For kvinner og menn.

Om kvinna og mannen skal bli enda meir likestilte, må kvinna få bruke talentet sitt som prosjektleiar litt meir på jobb og litt mindre i heimen.

I går henta eg ungane i barnehagen og plukka opp mannen min. Han sette seg i passasjersetet, stressa og sint. Han sat i ei evinneleg telefonkø til internettleverandøren. Da dei endeleg tok telefonen, var det skriking i baksetet, men mannen min hadde bodskapen klar: «Eg har nokre kritiske innspel til kundeservicen dykkar, som du skal notere deg, før eg kjem til det eg skal klaga på». Da det kom ein ny gråtetopp frå baksetet, vart han ikkje flau og prøvde å skjerme telefonen, nei da, den moderne småbarnsfaren strekte armen sin bakover mot ungen og let ho hyle rett i telefonen, «e vil hå osteloff!» Da kjente eg at den indre roa senka seg. Småbarnsfedrar har sitt å stri med dei òg.

Guri Sørumgård Botheim, rådgjevar og forfattar, Dombås