Vi er alle kjende med den kritiske situasjonen i Europa og verda for øvrig og den enorme prisauken på sentrale driftsmiddel i landbruket, spesielt diesel og kunstgjødsel. I tillegg er straumen rekorddyr i store delar av landet. Lesja Ap vil med dette melde om djup bekymring for konsekvensane av dette for den enkelte gardbrukar og for matvaretryggleiken til nåverande og kommande generasjonar.

Ein gardbrukar i Lesja som i fjor hadde eit overskot på kr 170 000,-, har nå auka utgifter på over kr 250 000. Reknestykket talar for seg, det er ikkje berekraftig. Det har passert «dugnad», gardbrukarar betaler for å drive gard nå. Fleire gardbrukarar signaliserer at dei ikkje ser anna råd enn å gje seg med gardsdrifta. Det er gjort store investeringar i landbruket i Lesja dei siste åra. Dersom den varsla renteauken gjer seg gjeldande midt i den kritiske situasjonen vi er i, kan ein fort rekne seg fram til at fleire gardsbruk vil gå på tvangssal. Lokalt vil det vera eit katastrofalt tap av arbeidsplassar, og nasjonalt ei katastrofe med tanke på matvaretryggleik.

Lesja Ap meiner at vi ikkje kan sitje å sjå på at det norske landbruket kollapsar. Det blir heilt feil å basere seg på å importere mat frå andre land, som definitivt treng maten sin sjølve nå.

Dette er eit krisevarsel, så det er ikkje tida for at regjeringa skal drive med langdryge utgreiingar. Det krevst økonomiske strakstiltak som lettar dei økonomiske byrdene for vanlege folk – og for vanlege gardbrukarar, og som sikrar matvaretryggleik for framtida.

Liv Enstad, for Lesja Ap