Terningkast 0: Vi må lære av koronakrisa

KRISETID: Det er i desse tider vi ser kva for varer og tenester vi treng for vårt daglege liv, skriv møtande stortingsrepresentant Aud Hove.

KRISETID: Det er i desse tider vi ser kva for varer og tenester vi treng for vårt daglege liv, skriv møtande stortingsrepresentant Aud Hove. Foto:

Av
DEL

Dagens gjestI Norge har vi stort sett fridom til å bli og gjere kva vi vil. Vi har allemannsretten i naturen, eit ope demokrati med pressefridom, eit velferdssamfunn og utdanningssystem som av mange blir peikt på som det beste i verda. Vi har mykje som andre land berre kan drøyme om fordi vi så langt har klart å forvalte oljerikdommen på ein så klok måte at det kjem dei fleste av oss til gode.

Grunnen til at vi på Stortinget tysdag 7. april kunne vedta ei «kontantstøtteordning» for å redde bedrifter med stor omsetningssvikt, er jo at vi har «peeng på bok». Oppsida er at vi kan redde bedrifter og arbeidsplassar, men nedsida er at dette kan misbrukast, og derfor må det etterprøvast, og det må vere openheit om kven som får kompensasjon.

Koronakrisa er internasjonal, og mykje av næringslivet vårt er globalt. Dette gjer oss sårbare når verda stenger ned. Forskarar har peikt ut flaggermus og skjelldyr som moglege smittekjelder for koronaviruset, men det er ikkje desse dyra si skuld at dette skjer. Det er vår bruk av naturen og globaliseringa si ære. Norge har gjort seg sårbare ved å legge heile eller delar av industrien til andre land. Råstoff, varer og deler blir transportert på kryss og tvers i verda, og da stoppar det opp når slike kriser som dette kjem. Det same gjeld arbeidskraft.

Vi i Senterpartiet er opptekne av at alle skal få hjelp innanfor helsevesenet, og nå er det næringslivet som må bergast. Vi må sikre folk, sikre bedrifter og sikre landet vårt.

Stansen av Norge kom rett før påske, og i Oppland er det mange, mange som akkurat i denne høgtida har store deler av omsetninga si. Reiselivet blør, og vi må ha det sikkerheitsnettet som skal til for å komme gjennom krisa. Det er i desse tider vi ser kva for varer og tenester vi treng for vårt daglege liv. Vi treng mat, vi treng å bu og leve, og vi treng inntekt. Allereie no ser vi at fleire vil få utfordringar der vi må strekke ut sikkerheitsnettet ettersom krisa utviklar seg i positiv eller negativ retning.

Vi ser også at det er nokre yrkesgrupper vi ikkje kan vere utan. Vi treng alle innan helsevesenet som står i frontlina, bonden som produserer råstoffa, industriarbeidaren som vidareforedlar, sjåførane som leverer både varer og tenester, butikkmedarbeidaren som får varene ut i hyllene, bensinstasjonen, reinhaldaren og frisøren, for å nemne nokre yrke. Vi treng også dei som tek seg av ungane våre og dei eldre, og lærarane som kastar seg rundt og gjennomfører undervisning på nett over natta.

Gjennom denne krisa ser vi at det er arbeidsoppgåver vi har verdsatt altfor lite, som blir viktige. Alt kan på ingen måte gjerast frå eit kontor. Korleis kan og skal vi forenkle, delegere og avbyråkratisere? Korleis skal vi gjere store system mindre og meir transparente? Bør vi ha ein meir gjennomsiktig økonomi med mindre smotthol? Korleis skal vi gjere kommunane meir sjølvstyrte med større tillit? Blir vi meir eller mindre sårbare ved å samle det meste? Sentralisering? Globalisering? Kva retning ynskjer du at samfunnet du bur i skal ta?

Vi må investere langt meir i beredskap og tenkje heilskap fordi menneska og naturen er skjør. Krisa viser tydeleg at det er nasjonalstaten som gjev folk tryggleik.

Det finns ikkje lettvinte løysingar, og vi treng å både diskutere og argumentere, men mest av alt treng vi å lære av det vi ser skjer no og hauste av erfaringane vi gjer oss. I store system blir menneska småe. Vi må endre samfunnskursen for å få ei betre verd med mindre forskjellar for både meg, deg og oss.

Aud Hove, stortingspr. (Sp) Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags