Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi vill minne om DNT sin formålsparagraf: DNT skal arbeide for enkelt, aktivt, allsidig, og naturvennlig friluftsliv.
I media ser vi nå at DNT er uroa over hytteutbygging i Norefjell. Dei er redd planane vil redusere DNT-hytta til ei Hamburgersjappe. Prat om å møte seg sjølve i døra.
DNT bruker nå advokat for å hevde sin rett til å bygge turisthytta «Dronningsetra» ved Strålvatnet.
Advokatfirmaet Thallaug skriv i brev til Nord–Fron kommune: «Samfunnet har kommet til at prosjektet er korrekt og formålstjenlig».
Er dette i samsvar med DNT sin formålsparagraf og verdigrunnlag?
Som i så mange andre saker, så kjem reaksjonane frå uvitande lokalbefolkning i seinaste laget. Vi følgjer ikkje med i timane, eller i offentlege dokument som er ute til høyring.
I denne saka er det ikkje berre uvitande bønder som ikkje har følgt med, men også kommuneadministrasjon og politikare.
Både Vågå og Sel kommune ber om ny vurdering, fordi dei ikkje er høyrde i saka. Like eins Vågå Fjellstyre. Det kan sjå ut som alle vurderingar er gjort internt i DNT og Nord-Fron kommune.
DNT sin advokat meiner at Vågå kommune ikkje har krav om å bli høyrde.
Sitat brev frå advokat:«Det er aldri søkt om eller tenkt merket eller gjort noe med stignettet i Vågå kommune. All aktivitet skjer på eksisterende stignett, og utelukkende innenfor grensen til Nord-Fron kommune, noe som fremgår tydelig i kommunens dokumenter»
Dette er feilinformasjon. Ein må vel vera jurist for å hevde at stigane i Griningsdalen ikkje skal nyttast når hytta ligg i enden av dalen.
Da er søknaden frå DNT lettare å forstå.
Sitat frå DNT sin søknad til hyttebygginga: «Dette vil styrke DNT sitt tilbud på rutenett mellom Espedalen-Langsuna-Skåbu-Sikkilsdalen-Sjodalen-Jotunheimen. Dvs. at omlegging av eksisterande/planlegging av nye ruter må til for å sikre god forbindelse øst-vest».
Fylkesmannen skriv om etableringa, at det er stignett som kan medføre størst konflikt. Fylkesmannen føreset at DNT i samråd med Nord-Fron kommune, gjennomfører ein eigen prosess for etablering av nytt stignett. Forhold i Griningsdalen blir spesielt omtala.
I brevet frå advokat står det at planane i Griningsdalen vart «forlatt» etter samtale med Vågå Fjellstyre.
Kvifor? Er dette for å unngå problemet, og banke det igjennom etterpå?
Ettersom hytta er lagt i enden av Griningsdalen, så er det lite truverdig at denne dalen ikkje er tenkt som ei rute inn i Sjodalen/Jotunheimen. Det kan sjå ut som søknaden er finslipt med tanke på å snike seg unna Fylkesmannens innvendingar, og høyring med nabokommunane.
DNT skriv at dei vil bruke eksisterande stiger i området. Dette er vegar som lokalbefolkninga har slutta å bruke, fordi dei har sett at ferdsel har uroa hekkinga til sårbare fuglearter. Kvar vart det av det naturvennlege DNT?
DNT meiner det har kome påstandar om at det er lagt opp til masseturisme i samband med prosjektet. Dette er ikkje ein påstand, men faktaopplysning. I søknaden står det: Overnattingskapasitet som kan huse skuleklasser og større grupper, med 37 sengeplassar.
DNT har sjølve argumentert for at hytta ikkje skal vere berre eit mål for turgåarar, men også for større grupper står det i sakspapira , saksnr. 018/18 frå Nord-Fron kommune. Dette blir da ei av dei største sjølvbetente hyttene som DNT har. Det er ei lengre utgreiing om aktivitetar i samband med hytta, som f. eks sykkel.
Kvar vart det av det enkle turlivet til DNT?
I LNF-område skal det ikkje byggast hytter. Berre unntaksvis mindre buer. Dronningsetra er eit heilt hyttetun.
Kanskje DNT burde ta ein titt på verdigrunnlaget dei skal drive etter. Er dette prosjektet naturvennleg, og fremmer det enkle friluftslivet ?
Skjønar godt at DNT har sett seg ut dette fine området, med gamle setre og spennande dyre og fugleliv.
Fylkesmannen skriv at området representerer på ein måte siste restar av villmarka i Oppland .
Vi spør: Blir dette området meit verdifullt for ettertida med ei stor DNT-hytte?
Vi vil ikkje ha DNT si hamburgersjappe i vårt seterområde.
I staden for å bruke advokat for å køyre over lokale interesser og hevde retten sin, så ber vi om at DNT-Gudbrandsdalen og Nord-Fron kommune finn ei anna plassering av Dronningsetra. Kva med område som er regulert til hyttebygging i Skåbu. Det ligg i høve til eksisterande stignett.
Det er også meir naturleg om vi skal tru på at DNT skal nytte Sikkilsdalen, og ikkje Griningsdalen som inngangsport til Jotunheimen.
Anne Helene Haugen, på vegne av setereigarane i området Strålvatnet og Griningsdalen