Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Aksjeselskapet Gudbrandsdal Slakteri AS vart stifta 1. april 2020 og er registrert i føretaksregisteret den 15. april like etterpå. Aksjeselskapet er registrert med ein aksjekapital på kr 30.000,- der Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal er eineaksjonær. Det er altså Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal som pr. dato eig Gudbrandsdal Slakteri. Terje Jonny Sveen er registrert som styreleiar. Andre styremedlemar er ikkje oppnemnde.
Fredag var det kakelag på Otta. GD fortel om Vestlandsgjestar med melding til oss bønder i dalen, tre av dei er nemnde med namn. Eg fekk interesse av å gå nokre av dei litt nærare etter i saumane.
Det først la eg merke til, var at familien Espeland omorganiserte i 2005 da selskapa Imw Invest AS, Ne Invest AS og Ge Invest AS vart stifta. Guro Invest AS vart stifta i 2015 alle med adresse Ålgård.
La oss sjå på Guro Espeland (f. 1980) som GD nemner. Guro er dagleg leiar i Jæder Ådne Espeland AS, eit selskap som driv produksjon av kjøtt- og fjørfevarer og som omsette for 660 mill. kr i 2019. Selskapet sat att med eit resultat på 24,4 mill. kr før skatt. Ho er også eineaksjonær i selskapet Guro Invest AS som i sin tur er aksjonær i Ne Invest AS der Guro Espeland er dagleg leiar, styremedlem og personleg aksjonær. Guro Espeland kontrollerer som aksjonær og gjennom Guro Invest AS 50,1 % av Ne Invest AS. Dette selskapet eig i sin tur 36,4 % av Jæder Ådne Espeland As.
Kva da med Noralf Espeland (f. 1950) som GD skriv om? Han er styreleiar og aksjonær i Ne Invest AS og styremedlem i Jæder Ådne Espeland AS. Av eit resultat på 3,2 mill. kr i 2019 delte Ne Invest AS ut 1,7 mill. kr i utbytte til sine 5 aksjonærar.
I Imw Invest AS har alle aksjonærane Waldemar til slektsnamn og majoritetseigaren heiter Inger Marie (f. 1945) som også er dagleg leiar her, i tillegg til at ho er styremedlem i Jæder Ådne Espeland AS. Imw Invest AS eig 22,4 % av Jæder Ådne Espeland AS. Imw Invest AS delte i 2019 ut 2 mill. kr i utbytte til sine 3 aksjonærar. Dette av eit resultat på 2,1 mill. kr i 2019.
Forvirra? Ikkje når vi går gjennom selskapet Ge Invest AS. Her er Gabriel Espeland (f. 1947) aksjonær og dagleg leiar. Han er også styreleiar i Jæder Ådne Espeland AS. Styreleiaren i Ge Invest AS heiter Tor-Gabriel Espeland (f. 1978). Mellom aksjonærane er det også ei Janne Espeland. Ge Invest AS eig 36,4 % av Jæder Ådne Espeland AS. Ge Invest AS delte i 2019 ut eit utbytte på 2,6 mill. kr til sine 5 aksjonærar. Dette av eit resultat på 3,4 mill. kr.
Jæder Ådne Espeland AS delte i 2019 ut 9 mill. kr i utbytte til sine aksjonærar.
Kva da med han som har lånt namnet sitt til selskapet der verdiskapinga skjer, – Ådne Espeland (f. 1977)? Ja, sei det! Ådne Espeland har ein liten aksjepost på 8,6 % i Ne Invest AS, eit selskap som er nemnd fleire gonger ovanfor. Han har ingen formell posisjon i offentlege register i tilknyting til dette familiedynastiet. Vi må gå ut ifrå at Ådne Espeland likevel har styringsrett.
Tilsvarande kunne eg gått gjennom konglomeratet av selskap i Fatland-dynastiet. Eg vil ikkje bruke tid på det nå. Den som vil kan sjekke eit selskap som heiter Norsk Kjøtthandel AS. Ingen stor butikk, det interessante er aksjonærlista (155 stk.) og dotterselskapet Nk Import AS.
Landbruket i Gudbrandsdalen slit meg mange slags utfordringar. Den største utfordringa er kostnadsnivået, ei anna kan vera rekruttering. Rekneskapskontora kan fortelje at bønder flest sjeldan skuldar mykje meirverdiavgift ved årets slutt, mange har «moms» til gode. Det betyr at varestraumen, altså det bonden har levert gjennom året, knapt betaler for vare- og tenesteforbruket på eigen gard. Kva lever da bonden av? Jo, av meirverdiavgiftsfrie inntekter som produksjonstillegg og refusjonar, av lønsinntekter utanfor bruket og av tenesteproduksjon for andre slik som snøbrøyting, vedproduksjon, leigekøyring og entreprenørskap. Bonden er kreativ.
Det er alt stor konkurranse om slaktet i Gudbrandsdalen. Den som har slakt å levere, kan sjølv bestemme om han eller ho skal ringe etter ein blå, ein kvit eller ein annan bil. Vil ein ny aktør på Otta auke mine inntekter? Vil ei investering på 300 mill. kr på Otta auke kontantstraumen min? Ingen andre enn leverandørane til Gudbrandsdal Slakteri AS kan betale kapitalkostnadene med etableringa av nytt slakteri på Otta. Familiane Espeland, Waldemar eller andre gir ikkje bort nytt slakteri gratis.
Eg spør: – Vil framtidige utbytter til familiane Espeland og Waldemar styrke økonomien på mitt bruk? Kor stor vekt vil Terje Jonny Sveen ha ved styrebordet saman med familiane Espeland, Waldemar og Fatland? Eller vil Terje Jonny Sveen bli lett i selskap med dei store? Vart det i det heile teke stilt kritiske spørsmål til representantane for familiane Fatland og Espeland på møtet før helga? Eller vart gjestane møtt med sitatet frå nattverdsliturgien i Den Norske Kyrkja: – «Kom, for det er klart!». Det er ingen tradisjon for å stille kritiske spørsmål til emissær og prest i bedehusland.
Asgeir Haugstad, bonde og kjøttprodusent, Venabygd