Gå til sidens hovedinnhold

Vil regjeringa ha kjøtfritt jordbruk?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


8. januar 2021 presenterte regjeringa tilrådinga frå Klima- og miljødepartementet Klimaplan for 2021-2030. Denne meldinga presenterer politikken til regjeringa for å redusere klimagassutsleppa i perioden 2021 – 2030. Spesielt utslepp frå transport og jordbruk er med i meldinga.

Debatten om klima er mangesidig med mange meiningar om kva som er fakta eller fake news. Parallelt med at klimagassane har auka har urbaniseringa skote fart. Dette kan vere noko av grunnen til at det blir så stor forskjell på kva den enkelte meiner er utfordringa og kva som eventuelt er svaret på utfordringa. Det som må vere udiskutabelt er at mennesket har levd av det naturen produserer for oss og utviklinga har vore frå jakt til husdyrhald og frå veidefolk til jordbruksfolk. Vi har dyrka jorda og hausta av den sesongbasert i mange 1000 år. Det er berre det siste hundreåret vi har kjøpt maten på butikken og berre dei siste åra at vi har kunna kjøpe jordbær og blåbær året rundt og avokado frakta verda rundt til bruk i vårt kosthald.

Dei som veks opp i dag har ikkje erfaring frå slakt, hermetisering eller forvelling, men ser på butikken som sitt matvarelager. Kvar maten kjem frå, korleis den er dyrka eller stelt eller korleis matproduksjonen påverkar samfunnet som heilheit er lite kjent. Derfor er det både viktig og riktig at skulen som arena informerer og lærer dei unge om dette, men det må vere ei balansert opplysing og basert på realiteten for norsk matproduksjon og sjølvberging.

I Klimaplanen skriv regjeringa at dei ynskjer å føre ein ambisiøs klimapolitikk som gjer at vi innfrir klimamåla samstundes som vi legg til rette for fleire jobbar, styrka velferd og berekraftig vekst i norsk økonomi. Verdiskaping er ein føresetnad. Regjeringa og jordbruket har inngått ei avtale om å redusere utsleppa og auke opptaket av klimagassar i jordbrukssektoren. I avtalen står det at det er fire hovudmål for jordbrukspolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Når ein les intensjonsavtala mellom jordbruket og regjeringa om reduserte klimagassutslepp står det ingenting der om å ha eit kjøtfritt jordbruk.

Korleis vi utviklar samfunnet vårt er viktig for våre barn og unge si framtid. Barnehage og skule er ein viktig arena for kunnskap, refleksjon og det å lære å ta gode val. Dette er også tema i Klimaplanen med eit eige avsnitt med innsatsområde for barn og unge. Vi har Helsedirektoratet sitt kosthaldsråd som er å spise mange ulike matvarer for å få i deg alle næringsstoffa kroppen din treng.

Det som skurrar i Klimameldinga er Matjungelen, som skal vidareutvikle oppskrifter og informasjon retta mot våre barn og unge for å etablere gode vanar. Dei har ein meny fri for kjøt, men full av avokado. Eg har stilt spørsmål til Klima- og miljøministeren om det er rett at barnehagar og skular slik vert arena for kjøtskam ved å oppmoda barn og ungdom til eit kjøtfritt kosthald? Dersom regjeringa meiner at det er rett å ha kjøtfritt kosthald, korleis har dei da tenkt å legge om norsk jordbruk til å bli kjøtfritt?

Er spent på svaret.

Aud Hove, fungerande stortingsrepr. (Sp), Oppland