Gå til sidens hovedinnhold

Viljen forsvinn og døden nærmar seg

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Viljen styrer ikkje lenger kroppen. Før da eg låg på sofaen og kvilte, sa viljen plutseleg ifrå: «Nå har du kvilt lenge nok. Nå kan du stå opp». Utan å nøle stod eg opp. Det fall seg så lett. Nå er det ikkje lenger slik. Viljen prøver seg nok. Eg lystrar han ikkje. Eg berre held fram med å ligge. Etter ei stund spør eg meg sjølv: «Kor lenge skal eg ligge? Kva skal få meg til å stå opp når viljen har mista makta si?» Eg finn ingen svar. Plutseleg blir eg overraska, for eg er i ferd med å stå opp. Viljen er utkopla. Tankane har heller ikkje vore i sving. Kroppen handlar heilt på eige hand. Eg forstår det ikkje. Kroppen kan da ikkje handle utan eit kommandosenter. Likevel, det er akkurat det den gjer. Kan det kanskje vera latskapen som overtek for viljen. «Ligg berre lenger», seier latskapen. Og det gjer eg. Tidlegare hadde viljen så godt som all makt over latskapen. Nå forstår eg at for at eg skal koma meg opp, må latskapen sleppe taket, dra seg vekk og bli borte. Gjer han ikkje det, kan eg koma til å ligge meg inn i døden.

Merkeleg kor lite eg eigentleg har tenkt på døden. For eit par år sidan fekk eg likevel ei påminning. Brått såg eg for meg måten eg kunne døy på. Det var både drastisk og skremmande. Eg ville koma til å trø på gassen i staden for bremsen. I full fart ville eg kjøre gjennom garasjeveggen og hamne ute i lause lufta. Garasjen min ligg på oppsida og i andre etasje i det store bygget. Veggen ville knusast til skarpe og farlege delar under eit intenst bråk. Frontruta ville pulveriserast og opne opp for spisse materialdelar som kunne ta livet av meg. Det som i tilfelle var att av liv ville ikkje tole den harde støyten mot grunnen framfor garasjen under meg. Eit fall på ski berga meg unna ein slik død. Fallet gav meg ei smerte som tok frå meg søvnen. MR-undersøking seinare viste at ei sene i høgre skulder var sliten av. Ei anna sene var nesten roken.

Etter fyrste besøket på sjukehuset kjørte eg ut frå parkeringa ved Rema 1000 ved Løkkegata. Da trakka eg på gassen i staden for bremsen – sikkert fordi eg var så sliten. Eg kjørte inn i ein parkert bil og snerta ein fotgjengar. Nærpolitiet på Lillehammer kom. Dei var snille. Kjørte meg heim til Måsåhaugen. Deretter tok dei ein tur til for å hente husnøklane som låg att i bilen. Fjernpolitiet på Hamar viste i brev til 12 paragrafar og skreiv: Straffesaken er ikke endelig avgjort.

Skuldra vil ha det vondt ei tid framover. Tankane bør tydelegvis heller ikkje ha det godt. Men eg bergar meg unna ein grufull død. For eg skal ikkje meir ha førarkort.

(Etter at eg hadde skrive ferdig dette, fekk eg eit førelegg på kr 8.000 og eit trugsmål på 19 døgn i fengsel.)

Ole Bjerke, Lillehammer