Gå til sidens hovedinnhold

Villsvin er litt for spennande

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Jaudå, det er spennande med ville grisar. Men kanskje litt for spennande. Vi har ikkje svinepest i Norge pr dd., men det kan snu seg. Skrantesjuke kan ha kome som smitte. Covid-19 kom definitivt som smitte. Og det gjekk fort!

Dersom svinepest kjem til landet, og vi har tusenvis av ville grisar springande rundt i bygdene våre, så slit vi. Det er derfor vi skal ha debattert dette på førehand. Heldigvis er vi gang no, og det var på tide. Senterpartiet sitt utspel er bra, ikkje fordi det er fasiten, men fordi det er konkret, og litt radikalt. Senterpartiet tek utgangspunkt i ein «null-visjon» mtp ville grisetær trakkande rundt i kongeriket.

Men, for all del, vi kan sjå på det som ein ressurs. Ei re-etablering av ein dyreart vi hadde naturleg her før i tida. Men då må vi ikkje ha forventningar om at naboane våre skal kunne forsyne oss med svinekjøt utan risiko for akutt nedslakting og kroken på fjøsdøra når viruset er laust.

At svenskane har eit avslappa forhold til villsvine? Jau, men kanskje fordi det gjekk for lenge før dei vakna, og så var det plutseleg for seint.

Anders Lorentzen, Sogn, naturforvaltar/gardbrukar