Arrangementet drog fullt hus, for å sjå dei tre hundre dansarane i alderen fire til femti år vise kva de hadde lært av Streetdance, Housedance og Locking dei siste månadene.

Rekordmange deltakarar

Juliane Bay kunne fortelje oss at det har vore rekordmange som har delteke på Danseloftet i haust. Heile tre hundrede hadde møtt fram på loftet i låven ved Hundorp Gård denne hausten. Det er ny rekord. Rekord er det og at det i haust har vore to grupper med vaksne. Juliane kan vidare fortelja at dei tre hundre som har vore med på danseskulen synes at det er moro å få vise fram kva dei har lært på de ti vekene de har trent i haustsemesteret.

Takt og presisjon

Omlag 850 var møtt fram i Vinstrahallen for å bivåne danseferdighetene til deltakarane, og at dei vart imponerte over takt og presisjon, viste dei med varm applaus etter kvart nummer.

Populære kurs

Dansarane hadde hatt ein tøff dag på laurdagen, med sceneprøver frå klokka 10 på føremiddagen, før dei hadde generalprøve på ettermiddagen, og dansa for fulle hus på kvelden. Det kunne ein ikkje sjå med den energien og gleda dei alle viste på scena.Ein forrykande kveld for dei frammøtte, og om nokon vart inspirert til å byrja danse sjølve, må dei være raske på å melda seg til Loftet Dansestudio. Vårens semester blir fort fulltegna.

Bildeserie

Se danserne i aksjon