Minneord over Petra Berg

Petra Berg (1927–2017) Til ho var over åtti år var Petra Berg den gode hjelpar for mange eldre på Vinstra. I gatebildet såg vi Petra med sykkel om sommaren og spark om vinteren, på veg til nokon som venta henne. Ho var ein unik representant for det frivillige Norge, påliteleg og med gjennomført orden i alle forhold. Det Norske Misjonsselskap var hjartebarnet hennar. Ho stod for julemessa for misjonen i alle år, og når den tida var over, heldt ho fram med å bake i mengder til jul, til inntekt for misjonen. Petra var frå Kolbu på Vestre Toten. Sin gode Toten-dialekt heldt ho på heile livet. Difor var det så høveleg då nevøen Per Arvid Nygård med sitt klingande Toten-mål heldt minnetalen ved gravferda i Sødorp kyrkje 10. oktober. Han teikna eit nøkternt, men treffande bilde av Petra, som heilt frå barneåra, som den eldste i syskenflokken, tok ansvar i familien – til ho som åttifemåring kom med buss den lange vegen frå Vinstra til Kolbu, berande på boksar fulle av bakverk. Til Vinstra kom Petra i 1956, som meierske ved Vinstra Ysteri. Der vart ho ein betrudd og populær medarbeidar, sist som meieristyrar Sundt si høgre hand. På Ysteriet trefte ho og sin store kjærleik Toralf. Dei gifta seg i 1960, og bygde sin eigen heim sentralt på Vinstra. Petra fann sin plass i kyrkja og i soknerådet. Ho var alltid til å lite på, med orden og oversikt, og villig til mange oppgåver. Misjonsforeninga leia ho med truskap, og i Kyrkjestugu stilte ho opp ved formiddagstreffet, ved kyrkjekaffien og mange andre arrangement. Sine friminutt hadde Petra med kryssord, bøker og fotballkamp i Kåja. Ho hadde sin faste plass på tribunen der, og for det vart ho på 70-årsdagen sin heidra av Vinstra Idrettslag med bløtkake og blomster. Petra var ein livskunstnar, eit rikt begava menneske som kunne gjort karriere på mange felt. Ho ville gjerne ha teke høgare utdanning, men såg det som si plikt i ungdommen å hjelpe mor og far og den øvrige familie. Og hennar innsats for kyrkje, misjon og lokalsamfunn står ikkje tilbake for nokon profesjonell karriere i samfunnsnytte. Ho kjende sin plass og fylte den med truskap. Sin eigen person sette ho aldri i fokus. Ho var ein interessant samtalepartnar, med innsikt, kunnskap og humor. Hennar gode minne vil leve lenge blant folket på Vinstra. Kjartan Ruset

    DEL
{{score.total_count}}
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Bjørn Bergaust
Minneord over Bjørn Bergaust
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Ivar Odnes
Minneord over Jens Petter Lund (Jensen)
Minneord over Jens Petter Lund (Jensen)
Minneord over Else Skjerve
Minneord over Else Skjerve
Minneord over Karin Blomberg
Minneord over Karin Blomberg
Minneord over Bjørn Mundhjeld
Minneord over Bjørn Mundhjeld
Minneord over Ingjerd Sidsel Bakali
Minneord over Ingjerd Sidsel Bakali
Minneord over Odd Brænd
Minneord over Odd Brænd
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug