Minneord over Bjørn Mundhjeld

Bjørn Mundhjeld Starten på sommarferien snudde seg brått frå glede til sorg da vi fredag 29. juni fekk det tunge bodet om at onkel Bjørn var død. Dette kom svært uventa på oss alle, for Bjørn var i god form heilt til det siste. Seinast dagen før han gjekk bort, hadde han vore ute på treningstur. Det var nok nettopp dette mange assosierte med onkel Bjørn: ein sprek og aktiv 75-åring. Livet er jammen skjørt og tilfeldig, og ikkje alltid til å bli klok på. Vi har heile tida hatt mykje kontakt med familien vår i Mundhjeld. Eg minnest julebesøk, trivelege kaffikveldar, og mange gode leikestunder da vi søskenbarna var ungar. Iblant tok Bjørn og Malmfrid oss med på ski- eller fjellturar, og det var stor stas. Etter at vi miste pappa, Per, for to år sidan, har Bjørn og dei andre i Mundhjeld vore gode støttespelarar for oss i Perstugun. Vi er ei lita slekt, og det er hardt å misse enda ein nær familiemedlem så kort tid etter. Onkel Bjørn var omsorgsfull og lett å spørje. Han stilte opp for familien med mangt og mykje, enten det var køyring av barnebarna eller anna. Bjørn var sosial, lettliva og utovervend, og eg trur ikkje at han hadde ein einaste uven. Han vart lett eit midtpunkt i sosiale situasjonar. I desse situasjonane følgde det gjerne ei eller fleire gode historier, onkel Bjørn var nemleg ei oppkome av gamle, humoristiske «risper». Han hadde god hugs, og var ein ressurs når det galdt familiehistorie. Friluftsliv og trening betydde mykje for onkel Bjørn. Han var like aktiv året rundt, særleg med ski og sykling. Han var også ein ivrig skyttar og jeger. Ein gong i tida var Bjørn ein svært lovande skeiselaupar, og kunne truleg ha nådd langt dersom han hadde satsa. Den ujamne elveisen nedanfor Mundhjeld var neppe den mest ideelle treningsarenaen, men det sette neppe ein stoppar for treningsgleda og pågangsmotet. Den snøfattige vinteren for eit par år sidan sette nok tolmodet hans alvorleg på prøve, sidan omtrent ingen skiløyper i bygda var oppkøyrde. Da tok Bjørn saka i eigne hender og gjekk seg opp ei eiga løype på Mundhjeldsjordet, sjølv om «ljåstubben» skein gjennom det tynne snølaget. På dei mange og lange sykkelturane sine kom onkel Bjørn gjerne innom heime for å slå av ein prat, og da verka han aldri særleg sliten. For underteikna, som var 40 år yngre og ville vore vesentleg meir andpusten i same situasjon, var dette nesten irriterande. Bjørn var glad i heimbygda, men var også glad i å reise etter at han vart pensjonist. Seinast i vår var han og Malmfrid på ein minnerik tur med Hurtigruta. Vi har fått høyre fleire historier frå turane deira, og det var tydeleg at dei begge sette pris på opplevingane dei fekk. Medan vi dreiv med sauesanking, var Bjørn ein ivrig medhjelpar, faktisk så ivrig at han periodevis sjonglerte mellom jakt og sauesanking. Eg hugsar godt ein tur vi hadde i september 2015, da pappa, onkel Bjørn og eg gjekk etter nokre sauer i Dumdalen. Det gneistrande flotte haustvêret sette ei perfekt ramme rundt turen, og vi var bra nøgde da vi kom vel ned til Kvålssetra med dagens «fangst». Dette er eit turminne eg hentar fram med jamne mellomrom, og det er rart og vemodig å tenkje på at både pappa og onkel Bjørn er borte nå. Onkel Bjørn er sårt sakna. Både eg og resten av oss i Perstugun sit att med mange gode minne om han, og dei skal vi ta godt vare på. Takk for den tida vi fekk saman! På vegner av familien Kveen, Perlaug Marie Kveen

    DEL
{{score.total_count}}
Minneord over Jens Petter Lund (Jensen)
Minneord over Jens Petter Lund (Jensen)
Minneord over Else Skjerve
Minneord over Else Skjerve
Minneord over Karin Blomberg
Minneord over Karin Blomberg
Minneord over Bjørn Mundhjeld
Minneord over Bjørn Mundhjeld
Minneord over Ingjerd Sidsel Bakali
Minneord over Ingjerd Sidsel Bakali
Minneord over Odd Brænd
Minneord over Odd Brænd
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Gunnar Storhaug
Minneord over Johanne Losoa Larsson
Minneord over Johanne Losoa Larsson
Minneord over Johan Almås
Minneord over Johan Almås
Minneord over Ole- Lars Schjerpen
Minneord over Ole- Lars Schjerpen
Minneord over Lisbet Lid Venås
Minneord over Lisbet Lid Venås