Minneord over Bjørg Marie Rudihagen

Bjørg Marie Rudihagen Vi var berre elleve elevar som tok til i fryste klasse på Liene skule hausten 1956. Både klassa før oss og etter oss var store bølingar der det kunne vere uro og kanskje vanskeleg å finne sin plass. Fordi vi var så få, kom vi så nær kvarandre – så nær blyge landsens barn torde å sleppe seg den gongen. På ein måte lærte vi å kjenne kvarandre til botnar – draumar, evner, sterke sider og vanskar. Og dei åra ber vi alle med oss resten av livet. Bjørg kom frå ein fri heim, der den frie og sjølvstendige tanken stod høgt i kurs. Dei fleste barn har ein periode da dei ønskjer å vere som alle andre, og kanskje var det ikkje så lett å forstå kor mykje vi beundra denne familien. Mor og far som nesten alltid var i godt humør, og som regel også hadde eit hyggeleg ord til alle som dei møtte på vegen, om det var eit barn eller ein vaksen. Ein far som i den eine augneblinken tok inn over seg alt det urettvise, og som stilte seg solidarisk med alle undertrykte, og i den neste kunne bryte ut i ein hjerteleg skratt, og sprenge dei høgtidlege rammene for korleis eit vakse menneske oppfører seg. Ingen andre kunne leggje så mykje glede i for eksempel det å gå rundt juletreet på julefesten. Bjørg var av same slaget, blid, full av latter, positiv og med draumar litt ut over det som var vanleg i eit bygdesamfunn den gongen, full av tillit til alt og alle. Kanskje var det nettopp tilliten til medmenneska som vart for stor? Kanskje var det mangelen på den evige skepsisen vi andre ber med oss når vi møter nye menneske som Bjørg mangla, og som gjorde at ho fekk så mykje å slite med? Eg tek fram minneboka mi frå barneskulen. Dei som har skrive der er i dag modne kvinner og gamle menn, men det er som om dei har lagt att ein del av seg sjølv og barndommen sin der i hjelpelaus formskrift og ikkje utan skrivefeil. Bjørg har teikna ei stor gul sol over minnet ho har skrive til meg, om at eg må minnast ein åtte år gammal skulekamerat frå andre klasse ein gong iblant. Og som den sola ho var, skal vi minnast Bjørg Rudihagen. Gard Espeland

    DEL
{{score.total_count}}
Minneord over Frode Brandstadmoen
Minneord over Frode Brandstadmoen
Minneord over Ola Kval-Engstad
Minneord over Ola Kval-Engstad
Minneord over Arve Rolstad
Minneord over Arve Rolstad
Minneord over Aase Horten
Minneord over Aase Horten
Minneord over Bjørg Marie Rudihagen
Minneord over Bjørg Marie Rudihagen
Minneord over Ole Nordahl
Minneord over Ole Nordahl
Minneord over Arve Rolstad
Minneord over Arve Rolstad
Minneord over Wilhelm Otto Molberg Nilssen
Minneord over Wilhelm Otto Molberg Nilssen
Minneord over Wilhelm Molberg Nilssen
Minneord over Wilhelm Molberg Nilssen
Minneord over Amund Sperrud
Minneord over Amund Sperrud
Minneord over Helle Laier Johnsen
Minneord over Helle Laier Johnsen
Minneord over Bernt Hartvik Storhaug (Benne)
Minneord over Bernt Hartvik Storhaug (Benne)