Minneord over Kristian Dobloug

Kristian Dobloug Siste året har det stått så mange dødsannonsar i avisene som har omhandla nokon ein har kjent. Ein har tenkt: Det kjem no vel ikkje annonsen til nokon i dag? når ein slår opp avisa. Men jau,- Kristian Dobloug var lite kjend hjå oss, inntil han ein sommardag for om lag 20 år sidan ringde hit. Og etter å ha presentert seg, spurde han om det «finst gamle album på garden»? Eg nemnde at det finst fleire her, somme så velbrukte at dei knapt heng saman. Så spør han «om å få koma og sjå dei?». Det vart starten på ei felles oppdrag: Å finne namna og identiteten til eldre medlemmer av familien og til andre, på ymse fotografi. Vi fekk mange ivrige økter med å skrive av, avfotografere (han!) og setje på namn der det vanta. Vi var heldige med at svigerfar min, Rolv P. Frisvold, hadde vore flittig med å skrive namn på svært mange. Men også her finst det foto av ukjende. Dette vart hobbyen til Kristian Dobloug. Han var ugift, ansatt i ymse norske ambassader, med bustad i Brumunddal og av slekt frå Garmo, blant anna bestemor. Han hadde jobba mykje i feriane med slekt og slektsamanhang og hadde ein stor, uferdig kabal å gå laus på når pensjonisttida skulle gje han tid og ro. Men før, ja lenge før, kom sjukdomen som sette strek for dette. Fyrst som ufør i beina, sidan heilt til toppen. Nyleg stod dødsannonsen, han vart berre vel 70 år. I tankane vil eg rette ein stor takk for det han lærde meg: å ta vare på kulturarven vi finn i eldre foto. Fred over minnet til Kristian. Oddbjørg Blakar

    DEL
{{score.total_count}}
Minneord over Kristine Midtskog
Minneord over Kristine Midtskog
Minneord over Ole Johannes Gillebo
Minneord over Ole Johannes Gillebo
Minneord over Marie Steinslien Dalby
Minneord over Marie Steinslien Dalby
Minneord over Gullbrand Aaløkken
Minneord over Gullbrand Aaløkken
Minneord over Nancy Tollefsrud
Minneord over Nancy Tollefsrud
Minneord over Anne Mari Aamelfot Hjelle
Minneord over Anne Mari Aamelfot Hjelle
Minneord over Ole Ødegård
Minneord over Ole Ødegård
Minneord over Astri Riddervold
Minneord over Astri Riddervold
Minneord over Durita Brattaberg
Minneord over Durita Brattaberg
Minneord over Kristian Dobloug
Minneord over Kristian Dobloug
Minneord over Else Rinheim
Minneord over Else Rinheim
Minneord over Lars Sønsteli
Minneord over Lars Sønsteli