Vonde påminningar om kva som ventar oss

Av
DEL

debatt
Vi veit at flaum, ekstremvêr og ras gjev kommunar og fylke store utfordringar framover – raset i Jølster nå og flaumen i Skjåk 2018 er ei vond påminning om kva som ventar oss.

Kommunar og fylke må arbeide intensivt med å kutte klimautslepp på same tid som dei må bu seg på fleire slike hendingar knytt til ekstremvêr og naturkatastrofar i nær framtid, og prislappen for dette blir høg. Flaumen i Skjåk rammar eit lite lokalsamfunn og spesielt ei av Skjåk sine hjørnesteinsbedrifter, Glasopor AS. Det er framleis mykje glasopor som må ryddast, syner Jan Mehus til i GD.

Fylkesmannen seier at dei har brukt halvparten av midlane, løyvd av KLD, til å ta sin del av oppryddinga. Framleis er spørsmålet; kven tek resten av oppryddinga og kven betaler? Det er framleis mykje glasopor, det er ei forventning om opprydding og kva prislappen blir til slutt veit ingen. Er det den vesle bedrifta i Skjåk som skal ta dette? Det gjev ikkje meining at ei lita bedrift som Glasopor skal stå for ei slik opprydding, det vil vera ei nærast umogleg oppgåve for dei. Glasopor er ramma av uventa hendingar som dei ikkje på nokon måte kan lastas for. Slike situasjonar kjem vi til å få fleire av framover.

Sittande regjering har ikkje teke klimaendringar og konsekvensane av desse på alvor – i 2018 auka Noreg sine klimagassutslepp. Konsekvensane som for eksempel flaumen i Skjåk, får ei lita bedrift i ei lita distriktskommune erfare nå, og det er fleire liknande eksempel. Kommunar og fylka er ikkje rusta økonomisk eller har kompetanse til å møte denne framtida pr. i dag. Tida har gått frå oss av di regjeringspartia ikkje har teke dette på alvor og initiert nødvendig førebyggande arbeid gjennom sine 6 år i regjering.

SV kjem til å fremme forslag om auka innsats for å førebygge alvorlege konsekvensar og skader med naturkatastrofar og ekstremvêr som årsak, i statsbudsjettet for neste år. NVE har kostnadsrekna dette til totalt 4 milliardar kroner.

Innlandet SV sitt syn er at det i prinsippet er forureinar som betaler, men i Glasopor-saka må det offentlege ta eit ansvar, det er ille å la dette «skure og gå» på bekostning av ei distriktsbedrift og framtida til denne bedrifta og miljøet. I neste omgang kan ein håpe at sittande regjering tek tak i det førebyggande arbeidet som må gjerast, ruster kommunar og fylke til å kunne starte arbeidet, og at det blir synleggjort i neste års statsbudsjett.

Bakken Mai

Lom, 1.kandidat, Innlandet SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags