VY og skam

Av
DEL

Leserinnlegg
Denne veka fekk kona og eg ein hyggeleg invitasjon til eit 70 års jubileum i Harstad.

I desse «fly-skamtider» fann vi ut at nå skulle vi ta toget nordover. Da var det å logge seg inn på nettet for bestilling av billettar. Det gikk bra å få seg billett fram til Fauske, men sovevogn det fekk vi ikkje til å bestille.

Heldigvis har vi både datter og svigersønn som kan hjelpe. Dei fekk bestilt både tur og retur og sovevogn, men da betalinga skulle skje, så såg vi at på søroverturen skulle eg og kona betale for kvar vår sovekupe. Vi er gode venner og kan klare oss med ein kupe.

Svigersonen, som er den mest datakyndige, fann ut at ein kunne chatte med VY for å få hjelp.

Bytt søkemotor, var rådet han fekk, og dersom ikkje det hjalp så fekk han eit telefonnummer vi kunne ringe. Søkemotor vart bytta utan at det hjalp.

Eg ringte så telefonnummeret vi hadde fått oppgit. Ei hyggeleg stemme fortalte at det var stor trafikk, men at vi snart skulle få hjelp og at vi var nummer 8 i telefonkøen. Etter å ha venta i omlag 10 minuttar og ha fått utallige beskjedar om at vi snart skulle få hjelp, men fortsatt var nummer 8 i køen, ga vi opp og logga inn på Norwegian.

Der var billettbestillinga såvidt enkel at eg klarte det utan å måtte søke ekstern hjelp. Så nå må eg berre skamme meg, eller kanskje det var VY som burde skamme seg over eit komplisert billettbestillingssystem.

Kristen Brendhaugen, Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags